Herren lengtar etter deg

5. april 2010 i Inspirasjon av Mathias Nøkland

Å, barnet mitt ,- eg lengtar etter at du skal koma inn i min nærleik.

Eg elskar når du kjem inn i min nærleik.

Eg har så mykje kjærleik som eg vil gi deg, så mykje omsorg som eg vil vise deg, som eg vil omslutte deg med, så mykje lys som eg vil lyse opp kvardagen din med, så mykje varme som du skal få kjenne. Eg lengtar etter at du skal kome inn i min nærleik, så eg kan få gi deg av det som hjarta mitt er fullt av.

Det ligg rikdomar og ventar på deg, skattar som er skjult i mørke, som du ikkje ser fordi du ikkje tar deg tid til å stoppe. Eg kan ikkje få gitt deg alle disse kjærleiksgåvene mine når du berre spring av garde, alltid i din eigen travle kvardag, alltid på farten mot nye aktivitetar, mot nye oppgåver. Å, barnet mitt, hjarta mitt syrgjer over at eg ikkje kan få gitt deg av min varme, av min kjærleik, av min nærleik.

Eg står her med utretta armar mot deg, barnet mitt, men du ser meg ikkje, du høyrer meg ikkje, du kjenner meg ikkje, for du spring berre vidare i di eiga travle verd, i dine eigne tankar, i dine eigne oppgåver.

Å, barnet mitt, om du ville stoppe opp og komme inn i min nærleik, så eg kunne fylle deg med det levande vatnet. Med det evige livet.

Å, om du ville komme inn i min nærleik så eg kunne røre ved deg på ein slik måte at du aldri blir den same igjen. Mitt barn som eg elskar.

Mitt barn som eg elskar. Mitt barn som eg elskar.

Dette bokskapet fikk Helga Åkre Nøkland ein natt i vinter og skreiv det ned. Har fått lov til å dele det med dere her på Fars Hus.